reprise nok! meir

ein kristen tvilar

...trur eg :}

kva kjennetegner ein "ekte" kristen?
-eller kanskje enklare: kva gjer ein som er kristen absolutt ikkje?
Nokon vil seie at ekte, personleg kristne for det første ikkje drikk alkohol, ikkje banner, ikkje lyg, ikkje har sex før ekteskapet, og heller ikkje bryt nokon av dei andre ti boda.
For det andre går dei i kyrkja kvar søndag, dei les ofte i bibelen, og dei ber til Gud og Jesus kvar dag.
-Dette blir iallfall sett på som eit "minimums-krav" for å kunne kalle seg sjølv for kristen.
ein syndar
Eg er ein syndar. -Derom hersker der ingen tvil.
For det første har eg levd sammen med kjærasten min i over seks år no, -og det uten å vere det minste lille gift. Samtidig har eg i heile denne perioden tatt ei uviss mengde liv med hjelp av den omdiskuterte P-pilla. -To store synder eg konstant lever i, og som eg knapt ber om tilgjeving for. -og der kom synd nummer tre: bønn. Eg ber vel avogtil, -men langt for sjeldant, og neppe om dei "riktige" tinga...
ein syndig kristen, -finst slikt?
Eg trur det er den einaste sorten kristne som finst. -Eg trur tilogmed at paven "sjølv" er ein syndar. Somme lever sjølvsagt meir skyldfritt enn andre, men ingen kristen kan slå seg på brystet og seie: "eg har aldri synda". Det går berre ikkje an. -Og eg trur heller ikkje det er meininga at det skal gå an, -berre at vi kan prøve.
Det merkelege er at folk i dag gir så lett opp når dei ikkje får ting til å gli "perfekt". Dei finn at dei umogleg kan vere kristne, så naturleg som det fell for dei å gjere "u-kristne" ting.
Og så tar dei avstand frå kyrkja, frå dei kristne, frå Jesus og frå Gud. Sidan dei ikkje passar inn i den kristne norma.
jo, eg *er* kristen
Eg passar absolutt ikkje inn i ein kristen livs-stil. Til det er eg altfor lat, for makeleg. Eg setter altfor stor pris på dei verdslege godene, og vil nok alltid fortsette å gjere det.
Likevel seier eg no "ja" om nokon spør meg om eg er kristen.
Paulus skreiv i si tid at det einaste som kan "rettferdiggjere" oss, er trua på Jesus Kristus, og ikkje "lov-gjerninger". -Eg kan altså gjere så mange kristne gjerningar eg berre vil. -Men det hjelp ikkje, om eg ikkje samtidig *trur* på Jesus.
Og det gjer jo, faktisk -merkeleg nok- eg :)


Dette er alteret i kyrkja eg (av og til) går i.

Her kan du lese heile Bibelen på nett.

Sjølvsagt finst der utallige motsigelser i Bibelen.

Hedningesamfunnet har utgitt boka: Guds Lille Brune

Watchtower
Watchtower Observer
Oasen
Vårt Land
Gospel Communications
Kristne ressurser i Norge
Norges Kristelige Student og Skoleungdomslag
Guds-bevis