LYNET SLO NED I STAKALDEFOSSEN!!!
reprise nok! meir

Første juli slo lynet ned og starta brann hos oss og hos naboen (Fløloen).
Det nyaste skreve om detta vil bli lagt inn øverst, så liker du å lese ting i kronologisk rekkefølge, så blir det meir jobb.
-Sånn er det med den saka.

19.01.2001
Tenkte eg berre skulle *nevne* det nedslåande vi fann ut no i jula: Kanskje blir vi nødt til å rive loftet IGJEN. Der er problem med kondens eller noko slikt oppunder mønet, så det drypper vatn ute på vingane. Det har det ALDRI gjort før. Så sånn er det. Sjølvgjort er velgjort, er det ikkje det ein alltid har sagt? LITT irriterande. -Og det synst eg som ikkje BUR der eingong!!?! Over og ut.
21.11.2000
Rydder litt i bildearkiva og finn bilder frå det vene nabohuset:
Dei pæne naboane våre :) Herleg mix av Lien'ar og Hauge'rar.

27.08.2000
Eg sveipa innom heimesida til Ann-Jorunn der eg fann ei melding som eg berre måtte kopiere inn hit...

"I know I just wrote here, but I heard about the lightning strike. I must say I feel sorry for you. That scenario is my worst nightmare, and you experienced it. I don't know what I can do... Remember, what ever you lost, the memories still remain! *love*"


23.08.2000
Det har gått så *ulideleg* tregt med å sette seg ned og skrive om ka som har skjedd,om ka som skjer, og ikkje minst om det som *ikkje* skjer. No er eg attende i Trondheim, og har fått ting godt på avstand.
Sist eg var i heimen var over ei veke sidan. -Eg brukte heile helga på å gå igjennom og registrere nesten alt lesestoffet på rommet mitt. Det var som å sitte i ein oase, skjønte eg, då eg første gongen gjekk ut derifrå for å fylle på vassflaska mi. -Resten av huset stod jo på hovudet.
Då eg for derifrå var det lagt isolasjon på heile loftet, og gjort klart for å legge golv, vegger og tak. Første etasjen var vaska og dekt til med plast. Det lukta ikkje sot der lenger :))
Bilda blei framkalla for lenge sidan, så det er inga unnskyldning for ikkje å ha lagt inn noko her. I tillegg fekk vi jo kobla oss opp på nett frå Førde Pensjonat allereie første veka vi budde der, så alt har lågge til rette for å vedlikehalde den her sida.
Eg må nett få nevne at Førde Pensjonat, tilhøva tatt i betraktning, var ein glimrande plass å bu. For meg som evig flyttande student var det iallfall ikkje noko problem. Mange rynka på nasen når eg fortalde kor vi budde, men plassen har fått nye eigarar, og det var godt å sjå folk rundt seg som arbeidde. Eg har berre godt å sei om pensjonatet og dei som driv det.
Det pæne huset vårt. -Kan DU sjå at det nett har brunne her???? Første hint om at ikkje alt er som det skal vere... Loftet blei ganske enkelt heve ut av vindauget og ned på altanen på veg til containeren. Pappa fotograferer elendet. Vindauget bak sprakk pga varmen under brannen. -Huset til naboen der det også brann kan sjåast i bakgrunnen. Ein kikk inn på "nabobranntomta".
Her sit pappa i døropninga til Ann-Jorunn og fotograferer brannsenteret. Endå eit sørgeleg bilde av maskina vår... Dorull og neglelakkfjernar heilt til høgre, -*fremdeles* gjenkjenneleg(!!) Det "einaste" eg mista, er alt det du ser av kludreria mine som *ikkje* heng her lenger... ;) Eit fint sotlag dekte heile første-etasjen. -Gjett kor saksa låg under brannen??
Operasangerinna mi beholdt formen. -Ho stod *bak* datamaskina under brannen. I tillegg fekk ho seg ein flygetur ned på altanen inne i ein sekk med rask. Redningskvinna til høgre ;) Denne sørgelege dama her stod i andre enden av rommet, men heten tok likevel knekken på ho. -Bildet passer ikkje for sarte sjeler. Mamma, pappa og Ann-Jorunn forran den første containeren med loft i.
Ida (naboen) i garasjen med ei tom leikekasse. -Kan DU sjå ka som var oppi den?? *kewl* sak :} Loftet uten vegger. Golvet ser rimeleg svart ut, sammenligna med stenderberket, eller hur? Hjørnet der det brann etter hovedrydding. Her forsvinner alle maskinene våre og eit lass med sekker til Bergen for å rensast.

06.07.2000
Hm. Verda sviv tydelegvis utruleg seint for tida, -det er utruleg at så mykje rekk å skje på så kort tid.
Ting har iallfall begynt å roe seg. -Mykje fordi det skjer noko i Hauge-residensen. Då eg og Ann-Jorunn kom attende frå Berle i dag tidleg flaug det ting utfrå verandaen og ned i kontaineren på tunet nedanfor. Det var litt guffent når det small, og inni hovudet mitt høyrdest det omtrent slik ut: "HEI!!? -Ka e det dåkke gjer med tinga våre!!!?" -Bisarr tanke, for det visste eg jo, men likevel.
Oppe på loftet var det meste allereie fjerna, bortsett frå på rommet til Ann-Jorunn. Vi gjekk gjennom tinga hennar, og fann nokre få ting det var verdt å prøve å gjere reint for å ta vare på.
Etterpå tok vi ein tur til Førde for å kikke på leiligheta vi skal flytte inn i mens opprenskinga foregår. Det var greit nok, og iallfall mykje bedre enn eg hadde tenkt det skulle vere. Kortare veg til jobb, og gode greier :)
Hm. Eg har ikkje vore oppe og sett det sjølv endå, men romma på loftet er tomme. Det innebærer for eksempel at senga mi er vekk. Senga som vi sleit sånn med å få plass til inn i den trange kroken. Tidlegare snakka dei om at dei ville bli nødt til å sage den opp for å få den ut derifrå. Så då har dei vel gjort det. Veit ikkje om eg er så særleg lysten på å sjå det.
Det er to ting: 1)Eg er glad i senga mi :} -Eg veit eg er altfor opptatt av ting, men likevel. -og 2)Det med å kaste ting som ser fullt brukbare ut. Eg *skjønner* jo at den ikkje går an å bruke. -Den er sotete og vannskada, og den stinker alldeles forferdeleg etter brannen. Likevel er det jo -*har vore*- ei GOD seng, og eg finn det ganske så sprøtt at nokon har saga den i biter, kasta den ut vindauget og ned på verandaen, og så vidare ned i ein søpplecontainer. Men eg får vel berre ha tru på at dei som jobber med opprenskinga veit ka dei gjer...
Neste trinn blir å rydde kotta som går på langs med heile loftet. -Ein enorm jobb(!) Heldigvis skal "dei" ta alle tinga ut derifrå; -eg misunner dei ikkje jobben, -og så skal vi gå gjennom for å sjå kva som kan takast vare på. -Resten blir kasta. Fyttikatta. Dei som kjenner meg, og samtidig samlemani, -og som er istand til å sette sammen dei to tinga, skjønner kanskje ka som foregår oppe i haudet mitt no. huff. Men det er jo berre ting... "Samle eder ikke skatter på jorden!" heheh.

05.07.2000
Firda hadde i dag ein liten oppfølgar på det med den brannfarlige(?) ISDN-boksen. Dei ser ut til å like bildet av den sørgelege datamaskina :P I tillegg veit dei tydeleg ikkje kvar Stakaldefossen ligg: "Stakaldefossen på Moskog i Førde". Fyttikatta.
Må visst scanne inn den artikkelen viss eg vil ha den, den var tydeleg for liten til å legge ut på nett :}

04.07.2000
Her følger ein del bilder av hendinga. -Dei er foreløpig altfor DIGRE, -så gå og kok deg ei kanne te men du venter ;) -eller kaffi??

Den slitne maskina vår... -litt for mykje hotmail, kanskje?? Noko svette papir-arkiv... ...og backup'en til harddisken.. Scanner og printer øverst, og resten skulle vere innlysande??
Simon forran bokhylla i den mindre svidde delen av loftet. Ann-Jorunn... Ann-Jorunn med maskina


03.07.2000

Firda skreiv litt om det som skjedde. Simon (naboguten) hadde nesten heile forsida på mandagsutgåva for seg sjølv. heheh. Simon redda husa var overskrifta Firda brukte.
Det var noko underleg å lese i avisa om det som var skjedd. -Å sjå bilda. Å huske på at det var oss det stod om. Vi fekk alle bilda som var tekne i huset vårt, og eg blir å legge dei fleste inn på sida her etter kvart.
I dag har vi gått og venta på alle slags folk som må komme og kikke på huset før vi kan gjere noko der inne. Forsikrings-selskaps-folk osv. Det går jo ikkje an å bu i huset. Foreløbig har vi husrom hos naboane, men med tanke på at huset ikkje vil vere buande i *lang* tid framover, ville det ha vore greit å få ordning i tinga så fort som råd er. Ein blir lit oppgitt av å gå og vente og lure heile tida.
Eg har begynt å fatte (-eg har jo *skjønt* det heile tida, men likevel ikkje, på ein måte-) dei langsiktige konsekvensane av brannen. Det er ikkje berre å vente på takstmannen, og så få rydda opp i ting. *Ting Tar TID*. Eg er begynt å lure på om huset i det heiletatt vil vere innflyttingsklart før jul??
For min del er det jo ikkje så vanskeleg. Men mamma og pappa og Ann-Jorunn, -kor skal dei bu henne?? Og kordan blir det? Og har dei RÅD til det? Ka dekker egentleg forsikringa? Eg har høyrt at både gjenoppbygging, vask og bu-utgifter blir dekka, -men eg tør ikkje tru heilt på det før eg ser det sjølv.
Utruleg nok kjem ikkje takstmannen hit før i morga tidleg, så vi får ikkje vete noko før vi kjem til Berle, antar eg. -Kristin, Ann-Jorunn og eg reiser dit i morga tidleg. -Vi har jo ferie. *host* Festlege ferieminner? Eg tur vi hadde klart oss så altfor godt uten.

Når lynet slår ned...
2.7.00

Det hender aldri *deg*, -det hender alltid dei andre. Gjerne folk du ikkje kjenner.

I går ringte naboane til oss der vi var på ferie og koste oss i sommarvarmen, for å fortellet oss at lynet hadde slått ned, og det hadde tatt fyr i huset vårt og i huset til ein annan nabo. Brannmannskapet var der for å sløkke.
Plutseleg blei det eit kav med å sjekke ferjeruter, og heldigvis var der ei ferje igjen som skulle til fastlandet. Vi hadde god tid til å grue oss for synet som møtte oss heime.
-Heldigvis var det ikkje så ille som det eg hadde forestilt meg. Heile loftsetasjen er no ubrukeleg. Tak og veggar var forkola rundt der senteret av brannen hadde vert. -Det hadde jo brent i over ein time før brannvesenet kom seg inn og fekk starta slokkinga. Datautstyr, tv og video, lamper og brytarar hadde smelta. Tapeten var brunne av veggane, golvet var svidd. Litt av taket var revet ned for å sjekke tilstanden.
I følge brannmannskapet hadde det kun vert minutt om å gjere for at det hadde blitt gjennomslag, og då hadde ikkje huset hatt ein sjangse. -Det var HEITT der inne. Heldigvis var alle dører og vinduer ut lukka, og huset er bra isolert, så elden fekk ikkje mykje oksygen. Eg finner det heilt ufatteleg at det har brunne så lenge, men likevel så lite.
Første etasjen er tilsota, men ellers er der ikkje noko skade det eg veit, så det er berre loftet som må byggast oppatt, resten må gjennom grundig vask og rens. -Håper forsikringsselskapet tar seg av det.
No bur vi hos naboen. Dei hadde ein utruleg kveld! -Først ser dei det brenn hos ein av naboane, og så at det også brenn i det andre nabohuhset!! Det er vel unødvendig å legge til at dei sjekka sitt eige hus også då det blei tid til det...
Så no er det berre å vente å sjå. Det er berre hus som er skada. Lite av ting med affeksjonsverdi har gått tapt. Andre ting blir jo dekka av forsikringa...
Jau. Ta vare på dåkke sjølv, og ha ein god sommar! Beste helsing Frøydis :)

reprise nok! meir