Elvi Burtanum Fjorden
Ho dett og dett
i dag som i går,
dett i berg
der berre ørn
fyk -
dett i eino,
dett tungt mot fjell
utan ljod,
utan song,
strævar og dett -
velt fram
or giljar og gjøttor,
bullar
i kvitskjegget,
stoggar
og heng -
dett
i tidløyse,
dett
i marebunden draum -
fær ikkje or fram,
ikkje ljod...
Olav H. Hauge