Jørgens kattedo

Jørgen, han skulle sin kattedo tøma,
tida var komen, for lukta var stram.
Stova gav kattane plass til å røma,
Jørgen, han leitte sin kattedo fram.
Doar må reinsast når doar er skitne,
doen på loftet stod stankfull i fred.
Jørgen tok tak, ja, og Gud er hans vitne.
Då skjedde noko som ikkje skal skje:

Kattedoen, kattedoen, kattedoen datt,
kattedoen datt langs Jørgens fine stovetrapp.
Kattedo og kattesand og kattebæsj i kapp
spreidde seg på trappa og i stova.

Kattane stogga i leiken på stova,
Jørgen på loftet stod tagal og kvit.
Jørgen var bleik, ja, og det kan eg lova,
trappa var ubleik av sand og av skit.
Han måtte klatra no over gelender,
slik at han kom seg den skiten forbi.
Kattane smaug seg langs kattedorender,
men det var uråd å skita fordi:

Kattedoen, kattedoen, kattedoen datt,
kattedoen datt langs Jørgens fine stovetrapp.
Kattedo og kattesand og kattebæsj i kapp
spreidde seg på trappa og i stova.

Jørgen fann kosten og støvsugartruten,
lorten vart kasta, og doen fekk sand.
Kattane rynka forfjamsa på snuten
medan ein duk inn i truten forsvann.
Kattane sprang til den nysanda dassen,
krokar og krær fekk seg grønsåpe rein.
Jørgen, han sukka ved kattedoplassen,
han hadde fått seg ein kunnskap som grein:

Når kattedoen, kattedoen, kattedoen dett,
mykje vert då reinsa som ein aldri før har sett.
Kattedoen sjølv vert både lortfri og so lett,
berre han vil detta ned til stova.

mp3 (5,4 MB)

Tekst og musikk (c) Jardar Eggesbø Abrahamsen 2000 (tekst) og 2001 (musikk).