[2.5.2008]

Fargeskrivaren på ISK, bygg 4, ved trappesiloen

Den nye Canon-skrivaren som òg er kopimaskin (eller motsett) finst på AppleTalk-sona Dragvoll_ansatt med namnet «lin45canon». Diverre fungerer det ikkje å senda til skrivaren via AppleTalk. Utskrifta forsvinn ut i det store inkje. Løysinga er å kopla til via IP:

Oppdatering 2.5.2008 om ettermiddagen: No ser det ut til at AppleTalk fungerer på denne skrivaren.


Reserveskrivaren på ISK, bygg 4, utanfor døra til ekspedisjonen

Dette er òg ein ny skrivar, men han har ikkje fargeutskrift. Han har IP-adresse 129.241.33.246, men liker ikkje IP-utskrifter (pr. 2.5.2008). Skulle han nokon gong lika IP-utskrifter, kan du kopla han opp slik det vart skildra for fargeskrivaren over.