StandardFrustane gjeld på no.alt.frustrasjoner og i tydeleg merkte frustar (t.d. BonusFrust) på no.alt.gledesutbrudd. StandardGledene gjeld på no.alt.gledesutbrudd og i tydeleg merkte gledesutbrot på no.alt.frustrasjoner.
StandardFrustar
1. avstandsfrust
2. har ikkje kjærast
4. har krangla med kjærast
8. vêret i Trondheim
16. har brote med kjærast (eller: kjærast har brote med meg)
32. han/ho vil berre vera «god ven»
64. er sjuk
128. e-ordet
256. alle desse nykomlingane på Usenet
512. det andre kjønnet (for homofile: mitt eige kjønn)
1024. spam
2048. pengar
4096. «alt»
StandardGleder
1. nærleiksglede
2. har kjærast
4. har ikkje krangla med kjærast
8. vêret i Trondheim
16. har ikkje brote med kjærast
32. han/ho vil faktisk vera «god ven»
64. er frisk
128. generell eksamenslukke (kontekst avgjer korleis)
256. det finst faktisk greie nykomlingar på Usenet
512. det andre kjønnet (for homofile: mitt eige kjønn)
1024. Spammaren fekk seg ein smekk!
2048. pengar
4096. «alt»
Merk at «alt»-frusten er kvalitativt ulik summen av dei andre frustane. Når «alt» er gale og vondt og låkt, so tyder ikkje det at du absolutt må ha ein avstandsfrust til kjærasten som du krangla med og ikkje har lenger, midt dette fæle vêret, slik at eks-kjærasten no berre vil vera ein god ven, medan du har vorte sjuk, har eksamen og er sur på alle nykomlingane. Ein «alt»-frust er ein skikkeleg frustefrust, når verda er dum og alt berre er jævleg, same om du har kjærast eller ikkje, om vêret er fint eller stygt. Det er ein uspesifisert frust av dimensjonar.
Det same prinsippet gjeld for «alt»-gleda.
Merk at for å få lov til å bruka StandardFrust 256 eller StandardGlede 256 må ein ha vore på no.alt.frustrasjoner og no.alt.gledesutbrudd i minst eit halvt år.
Terje Fredvikwrites: > ObFrust: Jeg vet ikke hva ObFrust betyr... Obligatorisk Frustrasjon. Om en på en gruppe kommenterer eller diskuterer noe på siden av den egentlige hensikten med gruppen, er det vanlig (og ofte forventet) at en etter ens avsporing kommer med en rettferdiggjøring av sin posting, og legger ved et obligatorisk noe som passer inn i gruppen. Her blir dette noe en frustrasjon. Andre steder har man ObSykkel, ObGlede osv. Man forkorter gjerne dersom ordet er langt (som her, ObFrust). Du lurer kanskje på hva BonusGlede er? Vel, av og til har man en liten glede som ikke er stor nok til å få en egen ObGlede (eller bare egen posting) eller den er relevant for en eller annen frustrasjon (ens egen eller en annens). Da slenger man på en BonusGlede på slutten. I no.alt.gledesutbrudd kan man ha en BonusFrustrasjon. Ellers kan man ganske fritt distribuere BonusTing der man føler de hører hjemme. ObFrust: jeg liker egentlig ikke brukerstøtte. Lene