Norrøn omsetjing og latinsk originaltekst etter eit særprent av ein artikkel av Mattias Tveitane.
Visio Pauli vart opphaveleg skrive på gresk, rundt år 250, og omsett til fleire austlege språk. Omkring år 500 vart teksten omsett til Latin, og derifrå til dei fleste vesteuropeiske språk. Det finst ei mengd ulike variantar eller «redaksjonar» av den latinske teksta, Th. Silverstein skil mellom minst 10 forkorta og 3 lange redaksjonar. Den meist utbreidde av dei korte, redaksjon IV, er grunnlaget for dei fleste vesteuropeiske omsetjingane. Herman Brandes har gjeve ut ein tekst basert på tre handskrift av denne redaksjonen, det er denne utgåva som her er gjeven som latinsk originaltekst.
Den norrøne teksten fins i to fragment, i AM 624, 4° manglar første side, i AM 681 c, 4° er berre dei siste 11 linjene att. AM 624, 4° er eit islandsk blandingshandskrift frå slutten av det 15. hundreåret, men omsetjinga kan vere so gamal som frå det 12. hundreåret.
I den latinske teksta er dei avsnitta eller motiva som vert gjenfunne i den norrøne versjonen kursivert.
I teksta frå AM 624, 4° er oppløysning av konvensjonelle avstyttingar ikke avmerkt. Oppløyste suspensjoner er sett i heva skrift; utfylling av uleselege eller manglande ord og bokstavar i [ ]. Usikre lesningar eller gissingar er sett i kursiv: munnskvalldur (Avsn. 1, l. 9). Skrifta er gnidd og til dels vanskeleg å lese, og handskriftet nokså medteke av slit, flekker og hol i pergamentet. Særleg gjeld dette byrjinga av teksta (s. 293 i handskriftet, etter lakuna).
I teksta frå AM 681 c, 4° er ikkje linjedelinga til handskriftet fylgd.
|
|