Om attgjeving av uvanlege teikn i tekstane
(eller: medan me ventar på Unicode)

Med utbreiinga av Verdsveven, World Wide Web, har endeleg ISO 8859-1, òg kalla Latin 1, etterfølgd ASCII som reell standard for teiknsett. Dette gjer det mogleg å attgje dei fleste moderne vesteuropeiske språk på ein enkel og eintydig måte, utan omsyn til maskintype og programvare.

Det er dermed råd å «veve inn» norrøne tekstar som er normerte til nyislandsk rettskriving, men det vantar eit par teikn for å kunne attgje dei vanlegaste «gamalnorske» eller «gamalislandske» normalrettskrivingane. Langt verre er stoda om ein skal prøve å syne den verkelege skrivemåten i ulike handskrift frå mellomalderen. Attåt desse manglane kjem det at Latin 1 ikkje er so rikt på typografiske teikn som ein skulle ynskt.

For utgåver i norrøn normering vantar først og fremst teikn for u-omlydd a og lang ø. For førstnemnde nyttar dei fleste utgåver o med kvist (òg kalla o ogonek eller o caudata), Sophus Bugge nyttar ö i dei normaliserte tekstane i si utgåve (som i nyislandsk). Lang ø vert oftast attgjeven med oe-ligatur, i nyare utgåver er ø med aksent i ferd med å ta over.

I tekstar med mindre streng normering (eller normering til et eldre språksteg enn vanleg) vert det òg nytta o med både kvist og aksent. E med kvist er eit vanleg teikn for æ i mange handskrift. Då det kan vere usikkert korleis ein skal lese dette teiknet, er det ofte brukt i kommentarar, både med og utan aksent.

Windows (NT, 95 og 3.11) nyttar nokre av dei 32 ledige plassane i Latin 1 til teikn som er til nytte her. Mellom desse er stor og liten oe-ligatur (Œ œ), små, spisse klamrer for å vise at teikn er sette inn frå andre stadar enn primærkjelda (‹ ›), apostrof som vert skriven ut med rett form (’), og krossteikn (†). Nyaste utgåve av Netscape viser tilnærmingar til desse teikna på andre maskinplattformar òg, difor har eg valt å nytte dei her sjølv om dei ikkje er ein del av standarden.

Andre teikn er attgjevne på følgjande måte:

o ö
o med kvist
ó ö
o med kvist og aksent
e ë
e med kvist
é ë
e med kvist og aksent
ø
ø med kvist (Bugge), ø med aksent (1. gramm.)
v
v med aksent
a/
av-ligatur
a
aa-ligatur
d
«rund d», som ð utan tverrstrek.
s
«høg s», som f utan tverrstrek.
Enkelte stader er understrek nytta, anten for overstrek (nasalstrek eller lengdeteikn), eller overprikk (i 1. gramm.).

For å kunne skilje mellom o med kvist og eigentleg ö, er dei siste i kjeldefilene skrivne med koden «ö».